Bloggnorge.com // Fjellsko og engangshansker
Start blogg

Fjellsko og engangshansker

Fem sykepleierstudenter fra HiST på praksisopphold i Nepal

Dhulikel; Livsteikn

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Skrevet Friday 20. February , 2015 kl. 15:46

HALÅÅ

Her kjem ei oppdatering frå oss tre i Dhulikel etter ein lang tørkeperiode utan blogging! Denne veka er eg (Johanne) på akutten, og Maren og Ingrid på intensiven. Begge avdelingane er spennande og vi får sett mykje som vi har lite erfaring med frå før. Vi får oppleve mykje variert ettersom vi bytter avdeling kvar veke. Utanom å vere innom intensiven og akutten er vi også innom føden, pediatrisk, ortopedisk, kirurgisk, observasjon til bachelor, medisinsk og to veker på outreachsenter.

Etter ei stund i praksis har vi erfart at synet på kva sjukepleie er ikkje er det same her som i Noreg. Mykje er likt, men mykje også veldig ulikt. Mykje grunna kulturell ulikskap, men også ulike økonomiske føresetnadar. Trass mangelen på ressursar synest vi at behandlinga har eit høgt nivå medisinsk sett, og dei finn gode løysingar der dei ikkje har tipp topp utstyr.

Dei lokale sjukepleiestudentane er til stor hjelp for oss. Dei kan vi spørje om det meste og dei forklarar med forståeleg engelsk. Det verkar som dei synast det er litt stas med oss bleikingar frå nord! Her får sjukepleiestudentane ansvar for det meste som skjer på avdelinga når dei er i praksis. Dei er flittige og arbeidar hardt og får endå meir ansvar enn kva vi studentane får i Norge.

Elles utnyttar vi helgene på å reise vekk og oppdage Nepal, eit nydeleg land eg vil anbefale alle å reise til! No er vi nett komen heim frå Pokhara som Monica har skrive om. Eg var så heldig å få besøk av Erling! Han fekk sjå både forurensa, livlege og spennande Kathmandu, koselege Dhulikel og nydelege Pokhara. Kjeeeekt besøk!!

For to veker sidan hadde vi ei helg på eit hotell som heiter «The Last Resort».  Der reiste vi med tre fysiostudentar frå Norge og ei som jobbar som frivilleg på barneheimen som er vegg i vegg med gjestehuset vårt. Første dagen sykla vi til Tibet på ein humpete traktorveg som gav oss sittesmerter på rumpa  ei veke etterpå,  men det var ein artig tur like vel! Vi budde i telthytter, åt nydeleg mat og drikke og kosa oss i massevis! Dei galnaste av oss hoppa frå ei hengebru, Asia sitt lengste strikkhopp. Personleg har eg akseptert pysa i meg for lengst, så eg fekk tilstrekkeleg  med spenning av å sjå på.

Alt i alt har vi det veldig fint, vi elskar Nepal, og ikkje minst det gjestfrie og smilande folket! Praksis på sjukehuset er lærerikt og utfordrande, men trur vi kjem heim med masse erfaring som vi ikkje kunne fått på same måte heime.

På søndag reiser vi til ein plass som heiter Salambu for to veker på «outreach». Vi har fått beskjed om å ta med det meste av mat og drikke for dette er visst ikkje å få tak i der, bortsett frå ris og potet. Her skal vi gå i 2-4 timar kvar dag frå hus til hus, ein litt anna type heimesjukepleie enn kva vi er vande med. Vi gruar oss litt, men gler oss veldig! No får vi verkeleg kome nærme den nepalske kulturen. Den kvite drakta vert bytta ut med lokale klede, kalla «kurta», som vi har vore og fått skreddarsydd med vår lokale skreddar nede i gata. Vi satsar på ein fargerik stil for å blende inn i mengda så godt som vi klarar.

BILDEMIX; litt bilder frå Pokhara-turen, Kathamandu med kveldsbilete og apetempel, eit bilete frå torsdagssamlingane vi har på takterrassen med alle i gjestehuset ++, og så frå helga vår på The Last Resort.

IMG_0775

IMG_0688

IMG_0647

IMG_0638

IMG_0542

IMG_0635

IMG_0628

IMG_0550

IMG_0374

IMG_0365

IMG_0338

IMG_0304

IMG_0323

IMG_0185

IMG_0289

IMG_0251

IMG_0173

IMG_0147

IMG_0136

– Johanne

Kommentarer

  1. Sunnvia says:

    Eg og vil oppleve Nepal! Ser og høyrast veldig bra ut!

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.